Etter å ha sett at distriktsklubber dukka opp i mange av landets fylker, har vi lenge tenkt at det skulle vore ein distriktsklubb også for oss her i fylket. På eit møte i Sogndal den 31.08.2003, blei BMW CCN Sogn og Fjordane oppretta. Her blei det og danna eit styre med entusiastiske BMW eigarar, som satsar på å få til aktivitetar framover. Målet vårt er å samle og organisere BMW eigarar og andre som interesserar seg for BMW bilar i Sogn og Fjordane fylke. Ved oppstarten var det ca 60 BMW CCN medlemmar her frå før, og alle kjem automatisk inn under klubben. Vi ynskjer også alle nye medlemmar velkommen, og håpar på aktiv deltaking frå heile fylket.